Vokalist eller gitarist?

Bedriftsrådgjevar eller rekneskapsmedarbeidar?

Søknadsfristen er ute!

Reknehuset søkjer etter fleire flinke folk til kontora våre i Ulsteinvik og Ørsta

Rekneskapsbransjen er ikkje lenger det den ein gong var og er i stadig endring. Hos oss er vi opptekne av å vere omstillingsdyktige og arbeide i tråd med det eit moderne næringsliv krev.

På same måte som bandet treng ulike instrument for å låte godt, treng vi i Reknehuset ulike typar av medarbeidarar. Og som i eit band meiner vi at beste resultatet oppnår vi ved å jobbe saman. På den måten kan vi levere det beste til kundane våre.

Er du den tilbaketrekte gitaristen eller vokalisten som byr på seg sjølv?  I Reknehuset treng vi alle saman. Hos oss kan du forme og utvikle din eigen arbeidsplass. Og du kan skifte instrument undervegs.

Så har du lyst til å jobbe saman med dyktige kollegaer og kjekke kundar? Då vil vi høyre frå deg!

Reknehuset logo

– ei rekneskapsbedrift med kunden i sentrum


Vil du vere med på laget?

OM OSS

  • Reknehuset er ei rekneskapsbedrift med 15 tilsette fordelt på dei to kontora våre i Ørsta og Ulsteinvik. Tidlegare var vi Rekneskap Høydalsvik (Ørsta) og Balanse Rekneskap (Ulsteinvik).
  • Kundane våre speglar det lokale næringslivet og består av eit breitt spekter av næringar. Dette gir ein variert og spennande jobbkvardag.
  • Hos oss kan du velje mellom konkrete oppgåver som avstemming og kontrollarbeid, eller du kan vere den som følgjer kundane tett på og er den hjelparen som Reknehuset er for kundane.
  • Med oss på laget vil kundane få ein aktiv rådgjevar og ei rekneskapsbedrift som både bryr seg og tilbyr gode tekniske løysingar. 


OM STILLINGANE

  • Det er ønskjeleg med bakgrunn frå økonomi/rekneskap. Høgare utdanning er ein fordel, men relevant erfaring kan vege opp for dette.
  • Vi er langt framme teknologisk og det er midt i blinken viss du er oppdatert på IT-verktøy og digitale trendar slik at vi kan gi kundane våre gode, effektive og tilpassa løysingar.
  • Sidan rekneskapsbransjen og jobbinnhaldet er i stadig endring, liker du å tileigne deg ny kunnskap og ser på endring som ei spennande utfordring.
  • Du er ein kollega som ønskjer å bidra til det allereie gode arbeidsmiljøet vårt.

Bedriftsrådgjevaren

  • Kontaktpunkt for eksisterande kundar med fokus på vekst og gode løysingar.
  • Etablere nye kundeforhold og følgje opp desse.
  • Har gjerne erfaring frå kunde- eller bedriftsrådgjeving.
  • Dei gode kommunikasjonsevnene dine gjer at du fyller rolla med eit innhald som ikkje er typisk for den tradisjonelle rekneskapsbedrifta.

Rekneskapsmedarbeidaren

  • Ansvar for eiga portefølje av kundar med levering av pliktig rapportering etter inngått oppdragsavtale.


SPØRSMÅL KAN RETTAST TIL
Magnus Eriksen, Not Yet AS, 466 42 854, magnus@not-yet.no

Send søknad og CV innan søndag 12. juni 2022
til magnus@not-yet.no
Attestar og vitnemål tek du med til intervju.