(oppdatert 05.07.2017)
Skattefrådragsordninga for FoU-kostnader (SkatteFUNN) blei innført i 2002 og har blitt utvida fleire gangar seinare. Alle bedrifter som driv forsking og utvikling på eiga hand eller som kjøper FoU-tenester av universitet, høgskular eller forskningsinstitusjonar, kan søke om det særskilde skattefrådraget.
Muligheitene for å oppnå skattefrådrag er større enn dei fleste truleg er merksame på. SkatteFUNN kan bidra med finansiering når:
Les meir om kvalifiserte prosjekt og søknadsfristen i denne artikkelen frå Regnskap Norge.
Norges Forskningsråd har ansvaret for å godkjenne forskningsinnhaldet i prosjekta det blir søkt skattefrådrag for.
Frådrag blir gjeve med 20 prosent for små og mellomstore bedrifter. Store bedrifter kan få 18 prosent frådrag av prosjektkostnadene.
Frå og med rekneskapsåret 2017 er frådragsramma på eigenutført FoU på 25 millionar kroner per inntektsår, eller ved kjøp frå godkjende forskningsinstitusjonar 50 millionar kroner per inntektsår.
Summen av eigenutført og innkjøpt FoU kan ikkje overstige 50 millionar kroner. Ramma gjelder per bedrift per år.
Maksimal timesats for eigne tilsette er 600 kroner per time. Timelønna blir rekna som 1,2 promille av avtalt og reell årslønn. Maksimalt 1.850 timar kan førast per tilsett per år. Ulønna arbeidsinnsats gir ikkje grunnlag for frådrag.
SkatteFUNN blir administrert via skatteseddelen. Tilskot som overstig betalbar skatt blir utbetalt.
Andre lenkjer: