Korleis fungerer ein RSS-lesar?
RSS-lesarar hentar inn overskrifter og korte sammandrag frå ulike RSS-kanalar. Desse blir lagt ut av nettsidene sjølv, og blir oppdaterte automatisk når det kjem nye saker. Dei aller fleste nyheitsleverandørane tilbyr RSS-feed, og har du ein RSS-lesar er dette den absolutt raskaste måten å halde seg oppdatert i nyheitsbildet på. RSS-lesaren hentar ned titlar og ingressar frå dei siste nyheitene hos dei nettstadane du legg inn, og viser nyheitsoversikta utan bilde, reklame eller andre element.
Dermed slepp du å gå innom forsidene til dei ulike sidene du abonnerer på. Dei aller fleste som tilbyr RSS-lenkjer har ein liten knapp eller eit menyval tilsvarande det vi har her. Oftast, avhengig av kva for ein RSS-lesar du bruker, er det nok å berre klikke på knappen for å begynne å abonnere på nyheiter frå nettstaden du er på. Leit etter knappen eller søk etter stikkordet RSS på sidene.
Korleis les du RSS-nyheiter?
For å lese ein RSS-kanal treng du ein eigen RSS-lesar. Sjølve lesarane kjem i mange ulike format, frå epostliknande klientar som lar deg organisere kanalane dine i mapper, til klassiske nyheitstickarar der overskriftene rullar over skjermen din. Dei mest kjende nettlesarane og epostklientane har alle støtte for RSS. Av spesialiserte RSS-lesarar, kan Feedly vere verdt å sjå på.
Nokre tilbydarar av RSS
Skatteetaten NRK Dagens Næringsliv Aftenposten NARF Ukeavisen Ledelse