Revisjonsplikt

Hovudregelen er at alle rekneskapspliktige også er revisjonspliktige.

Enkeltpersonføretak og ikkje-økonomiske foreiningar som har eigedelar til ein samla verdi under 20 millionar kroner og 20 eller færre tilsette, er ikkje rekneskapliktige etter rekneskapslova § 1-2 første ledd, og vil dermed heller ikkje ha revisjonsplikt.

Elles er visse føretakstypar fritekne for revisjonsplikt når dei har driftsinntekter under fem millionar kroner.