Fakta om Reknehuset AS

Du finn  oss både i Ørsta og Ulsteinvik

Telefon

Frå 01.01.2021 slo Balanse Rekneskap AS i Ulsteinvik og Rekneskap Høydalsvik AS i Ørsta seg saman. Les heile saka her. 

Namnet på selskapet er Reknehuset AS.

Med 15 tilsette er vi av dei større rekneskapsbedriftene på Sunnmøre med kontorlokale både i Ulsteinvik og Ørsta.

Geir Høydalsvik er dagleg leiar og Sigbjørn Gurskevik Skeide styreleiar. Selskapet sin revisor er Odd Ivar Thue i Romsdal Revisjon.

Rekneskap Høydalsvik AS blei omdanna til aksjeselskap 21. august 1993 – etter å ha vore drive på heiltid som enkeltpersonføretak sidan 1983. Rekneskapskontoret blei starta som ei ”kjellarbedrift” av Erling og Ragnhild Høydalsvik på 1970-talet. I november 1983 blei det heildagsdrift og fram til juli 2008 haldt vi til i lokale på Mosflata i Ørsta.

Balanse Rekneskap AS blei skipa av Sigbjørn Gurskevik Skeide 1. februar 2004. Sidan då har selskapet fått to nye aksjonærar, Jørn Jakobsen og Perly Hoddevik. Selskapet har siden oppstarten hatt lokasjon i Ulsteinvik sentrum, no i Convexhuset sentralt i Ulsteinvik.

Org.nr: 925 715 115 MVA – Bankkonto: 3992.30.49928

Oversikt tilsette