Kjelde: Lotteri- og stiftelsestilsynet
Det er tre ulike støtteordningar, ei tilskotsordning for frivillige lag og organisasjonar, ei tilskotsordning for idrettsarrangement av nasjonal verdi og ei kompensasjonsordning for kultursektoren. Alle ordningane er forvalta at Lotteri – og stiftelsestilsynet.
Ordninga omfattar arrangement i perioden 1. november 2021 til 28. februar 2022. Ordninga gjeld tap knytt til kulturarrangement som er avlyst, stengde eller nedskalert på grunn av råd eller pålegg frå myndigheitene som følgje av covid – 19.
Dersom ein er registrert i Frivilligregisteret kan ein ikkje motta kompensasjon frå denne ordninga.
Det er opna for søknader. Søknadsfristen er 1. mai klokka 13.00.
Formålet med denne ordninga er å hjelpe frivillige lag og organisasjonar med arrangement eller aktivitet som må avlysast på grunn av restriksjonar eller råd frå myndigheitene.
Det er eit krav å vere registrert i Frivilligregisteret.
Tilskotsordninga gjeld for perioden 1. januar til 31. mars 2022 og har søknadsfrist 20. april 2022.
Les meir om ordninga og søk her.
Denne tilskotsordninga gjeld gjennomførte og avlyste publikumsarrangement av nasjonal verdi for idrettssektoren.
Tilskotsordninga gjeld for perioden 1. januar til 31. mars 2022 og har søknadsfrist 20. april 2022.
Klikk her for utskriftsvennleg versjonLes meir om ordninga og søk her.