Kjelde: Skatteetaten

I samband med skattemelding og skatteoppgjer dukkar det ofte opp svindelforsøk i form av falske e-postar. Kvart år prøvar svindlarar seg ved å gje seg ut for å vere Skatteetaten.

I år har ein del av svindelforsøka handla om ubetalt eigedomsskatt. Det er verdt å merke seg at eigedomsskatten er det kommunane som administrerer og ikkje Skatteetaten.

Skatteetaten sender ikkje lenkjer i e-post eller sms. Dei etterspør helder ikkje kredittkortinformasjon, sikkerheitskoder, rekningar, kopi av pass, førarkort eller kontonummer via e-post eller sms. For å vere trygg, logg deg alltid inn via skatteetaten.no eller altinn.no.

Her kan du lese Skatteetaten sine råd for kva du må gjere dersom du har motteke forsøk på e-post-svindel, samt kva du kan gjere for å forhindre at du blir lurt.

Klikk her for utskriftsvennleg versjon