Tildelinga skal først og fremst vere retta mot dei med høg sysselsettingsandel i verksemder som er og har vore særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Det gjeld i hovudsak overnattings- og serveringsbransjen, sports- og fritidsverksemder utanom idrettslag, detaljhandel utanom daglegvare og reisebyråer og reisearrangører som ikkje har vore omfatta av dei generelle kompensasjonsordningane.

Støtta frå kommunen vil verte gitt etter regelverket for «Bagatellmessig støtte».

Søknadsfrist 13. oktober 2021

Les meir på Volda kommune sine heimesider og send søknad her.

Klikk her for utskriftsvennleg versjon