Dette gjeld spesielt bedrifter som har direkte tap eller store kostnader som følge av smitteverntiltak eller nedstenging, eller bedrifter som heilt eller delvis er blitt ekskludert frå dei generelle kompensasjonsordningane.

Søknadsfristen er 1. oktober 2021.

Kriterium

Søknad/tildeling vil bli vurdert utifrå følgande punkt:

  • Verksemda er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Det blir lagt spesiell vekt på negative verknader som har påført ekstra kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og evt nedstenging. Også langtidseffektar etter innførte smitteverntiltak i 2020 kan bli vurdert. Du må kunne dokumentere eller vise til omsetjingsfall/tap av inntekter.
  • Verksemda kan dokumentere at den fell heilt eller delvis utanfor dei sentrale/generelle støtteordningane for korona-kompensasjon.
  • Verksemder innan reiseliv, servering, overnatting, detaljhandel (utenom daglegvare), arrangement og service er spesielt aktuelle i tråd med sentrale føringar, men også andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar.
  • Ørsta kommune vil også vurdere støtte til omstillingstiltak som har utgangspunkt i at verksemda er råka av korona-situasjonen, og som har sett i verk eller planlegg omstillingstiltak for å trygge arbeidsplassar.

Les meir på Ørsta kommune sine heimesider og send søknad her.

Klikk her for utskriftsvennleg versjon