Kilde: Skattebetalerforeningen
Ny berekningsmetode
Tidlegare la skatteetaten siste skatteoppgjer til grunn for berekning av skattetrekket for komande år. Frå og med 2019 vil skatteetaten berekne skattetrekket ved å hente inn a-meldinga som arbeidsgivar rapporterer månadleg. Heilt konkret vil berekna skattetrekk i skattekortet bli basert på lønn som arbeidsgivar har rapportert for oktober eller frå januar til oktober. Det alternativet som gir høgast inntekt blir lagt til grunn for skattetrekket i 2019.
Kan få store utslag for skattetrekket ditt
Om du har hatt ei unormal høg oktoberlønn grunna tilfeldige bonusar, honorar, utbyttebetalingar, skattepliktige ytingar e.l., kan den nye berekningsmetoden medføre at skattetrekket det påfølgande året blir for høgt. Utslaga kan bli større for dei med prosentkort.
Du kan sjå kva som er rapportert om deg i a-meldinga på skatteetaten sine sider her.
Du kan også lese meir om saka på Skattebetalerforeningen si nettside her.