Kjelde: Regnskap Norge

Arbeidstakar som må i ventekarantene, og ikkje kan jobbe heimanfrå, kan få sjukmelding og sjukepengar dersom dei andre vilkåra for rett til sjukepengar er oppfylt.

Ventekarantene er eit tiltak for å redusere smittespreiing. Dette inneber at medlemmar i husstanden eller kjærast vert set i ventekarantene fram til nærkontakta har motteke negativt svar på koronatest. For meir informasjon om ventekarantene, sjå artikkel på FHI sine sider.

Arbeidsgivar sin rett til refusjon av sjukepengar frå dag 4 ved lovpålagt karantene gjeld også ved ventekarantene. Sjå NAV sine sider for detaljar.

Klikk her for utskriftsvennleg versjon