Sidan ordninga med tvangsmulkt vart innført 1. januar 2017 har manglande varsling til selskapet sin registrerte rekneskapsførar vore eit tilbakevendande problem.

Skatteetaten lovar at det skal kome på plass ei betre ordning, men inntil vidare er det viktig at du er observant på alt du mottek av varsel frå Skatteetaten, enten det er på e-post, i Altinn eller ordinær brevpost. Og at slike varsel blir oversendt til rekneskapsførar.

Skatteforvaltningslova sine reglar om tvangsmulkt gjer at det blir svært kostbart dersom ein ikkje greier å oppfylle innsendingsplikta som ein har til det offentlege.

Relatert artikkel:
Regnskap Norge – Viktig! Regnskapsfører får ikkje kopi av varsel frå Skatteetaten

Klikk her for utskriftsvennleg versjon