Frå nyttår 2021 slo Balanse Rekneskap i Ulsteinvik og Rekneskap Høydalsvik i Ørsta seg saman i den nye rekneskapsbedrifta Rekne AS.

Ein fusjon er som eit giftarmål og som for dei fleste nygifte går det ein periode å tilpasse seg kvarandre. Men no som kveitebrødsdagane er over, korleis går det med dei nygifte? Styreleiar Sigbjørn Skeide dreg på det, og er ikkje udelt positiv til kombinasjonen fusjon og korona. – Med heimekontor vart det vanskeleg med fysiske møte i denne første fasen, og dette har vore ei ulempe for oss.

Men som for så mange andre bedrifter, har koronaen lært oss nye måtar å arbeide på og å møtest på, seier dagleg leiar Geir Høydalsvik. Ja, dei tilsette har tatt utfordringane på strak arm og viljen har vore stor for å gjere fusjonen til ei god oppleving. Så i valet mellom å ikkje slå seg saman og slå seg saman, så kjenner vi oss trygge på at vi har gjort eit godt val, hevdar Høydalsvik.

Namneskifte

Grunna forvekslingsfare med andre tilbydarar i same bransje vart det i løpet av sommaren vedteke å endre namn på selskapet til Reknehuset AS. Men slagordet er det same som før, seier Geir Høydalsvik: Du kan rekne med oss!

Lever papirlaust

Etter å ha brukt heildigitale og papirlause løysingar på alle kundane siste tre åra kan både Skeide og Høydalsvik oppsummere erfaringane. – Jau, eg var nok skeptisk til om alle kundane ville vere med over i den papirlause verda. Men den skepsisen måtte eg grundig bite i meg, vedgår Geir Høydalsvik.

Med tekniske løysingar som er like enkle som nettbanken, så var terskelen låg for dei aller fleste som tok steget over i den digitale verda. Og no har kundane, på same måte som bankkundane, blitt vande med å ha tilgang til dagsfersk informasjon frå rekneskapen. Så det har blitt ei stor omvelting for både rekneskapsbransjen og kundane.

Det er inga tvil om at framtida ligg i skybaserte løysingar der ein har elektronisk tilgang til rekneskapen frå både mobil, nettbrett og datamaskin. Men alt handlar ikkje om elektronikk. Med 15 medarbeidarar fordelt på kontora i Ørsta og Ulsteinvik, så kan vi tilby både brei kompetanse og ein plass der kundane enkelt kan stikke innom for ein prat, seier Sigbjørn Skeide.

Klikk her for utskriftsvennleg versjon