Verdien av skattefri personalrabatt aukar frå 7.000 til 8.000 kroner.
Vilkåret om maksimal rabattsats på 50 prosent blir fjerna, slik at også rabattar på 100 prosent blir skattefrie. Dette betyr at tilsette kan motta 100 prosent rabatt på varer inntil 8.000 kroner, 50 prosent rabatt på varer inntil 16.000 kroner og 25 prosent rabatt på varer inntil 32.000 kroner.
Beløpsgrensa for skattefrie gåver blir auka frå 1.000 kroner til 2.000 kroner. Grensa har stått uendra sidan 2009.
For fribillettar i transportnæringa utset regjeringa iverksettinga av dei nye reglane til 1. juli 2019. Formålet er at transportselskapa skal få tid til å utforme nye billettordningar.
Skattemyndigheitene skal aktivt legge til rette for enklast mogleg etterleving for næringslivet og utarbeide ein rettleiar saman med Virke og NHO.
Det er venta at endringane blir iverksett frå 1. januar 2019.