Kjelde: Skatteetaten

Lovendringa som innfører krav om pensjon frå første krone og dag i private tenestepensjonsordningar (OTP) trådde i kraft 1. januar 2022.

Det er fastsett overgangsreglar i forskrift som gir bedriftene tid fram til 30. juni 2022 med å tilpasse sine pensjonsordningar til dei nye reglane.

Krav til deg som arbeidsgivar

Ein må opprette pensjonsordning for dei tilsette i bedrifta når ein oppfyller minst eitt av desse vilkåra:

  • Føretaket har minst to tilsette som kvar har arbeidstid og lønn som utgjer 75 prosent eller meir av ei full stilling.
  • Føretaket har minst éin tilsett utan eigarinteresser i føretaket og med arbeidstid og lønn som utgjer 75 prosent eller meir av full stilling.
  • Føretaket har tilsette som kvar har arbeidstid og lønn som utgjer 20 prosent eller meir av full stilling, og som til saman utfører arbeid som svarar til minst to årsverk.

Desse reglane gjeld frå 1. januar 2022

  • Alle arbeidsgivarar som pliktar å ha ei pensjonsordning, skal frå første krone spare minst 2 prosent av inntekta til dei tilsette.
  • Minstekravet til 20 prosent stilling for rett på medlemskap i pensjonsordninga er fjerna.
  • Aldersgrensa for medlemskap i pensjonsordninga er no 13 år. 
  • Tilsette har rett på medlemskap i pensjonsordninga når inntekta overstig 1 000 kroner, eller 10 000 kroner om verksemda di er ein skattefri organisasjon.
  • Unntaksreglar for sesongarbeidarar er fjerna.

Les meir og sjå eksempel på skatteetaten.no.

Klikk her for utskriftsvennleg versjon