Kjelde: Regnskap Norge
Frå 1. april 2020 vart det innført ei ordning med forenkla mva-registrering for utanlandske næringsdrivane som sel varer med «lav verdi», under kr 3.000, til norske forbrukarar.
Toll- og mva fritaket på kr 350 vart oppheva frå 1.januar 2020. Utanlandske næringsdrivande som sel varer med verdi under kr 3.000 til norske forbrukarar er omfatta av avgiftplikta. Ordninga som trår i kraft frå 1. april 2020 gjeld alle varer men unntak av næringsmiddel og særavgiftsbelagde varer. Transport- og forsikringskostnader er ikkje med i vurderinga av verdien av vara og grensa gjeld per vare, og ikkje per sending eller faktura.
Dei utanlandske næringsdrivande kan registrere seg i ei forenkla registreringsordning, VOEC (Vat On E-Commerce). For sal av varer med verdi over kr 3.000, næringsmiddel og særavgiftsbelagde varer skal mva, toll og særavgifter krevjast inn ved grensa på vanleg måte. Les meir her om mva ved netthandel frå utlandet
I samband med innføring av VOEC blei det oppretta ei overgangsordning som skulle gi den utanlandske tilbydaren tid til å tilpasse seg nytt regelverk og gjere nødvendige systemjusteringar.
Frå 1. juli 2021 blir reglane om ansvarsbegrensing fasa ut. Dei som er gitt ansvarsbegrensing per 1. juli får ein siste frist til å etterleve regelverket 30. september 2021.
Meir informasjon finn du her.
Klikk her for utskriftsvennleg versjon