Kjelde: Regnskap Norge
Garantiordninga gjeld små og mellomstore bedrifter som er forventa å vere lønnsame under normale marknadsforhold, men som no har akutt likviditetsmangel.
For å styrke bedriftene sin tilgang til lån er det vedteke ei lov og ei forskrift om statleg garanti for lån frå finansføretak, der staten garanterer for 90% av lånebeløpet. Ordninga som i utgangspunktet var gjeldande inntil 01.06.2020, har no vorte forlenga til 31. desember 2020. Motivet er å bidra til at levedyktige bedrifter kjem seg gjennom korona-krisa. Ordninga gjeld ikkje bedrifter som var i økonomiske vanskar per 31.12.2019.
Ta kontakt med oss dersom du treng hjelp til å utarbeide lånesøknad eller har behov for anna assistanse.
Les endringsforeskrifta her.
Innsynsløsyinga hos GIEK gir løpande offentleggjering av opplysningar om dei enkelte låna som vert innvilga under garantiordninga.
Det er GIEK som forvaltar ordninga for bedrifter på vegne av Finansdepartementet.
Det er berre bedrifter som er lønsame under normale forhold som får lån etter ordninga. I forarbeida til lova blir det likevel uttalt at ein føreset at denne definisjonen ikkje blir praktisert for strengt.
Ordninga gjeld ikkje lån til bedrifter som var i økonomiske vanskar per 31.12.2019. Det er i forskrifta definert slik:
Punkt nr 1 og 2 gjeld ikkje for selskap som har eksistert i mindre enn tre år.
Slik ordninga er lagt opp vil det vere rom for å bruke skjønn, både i vurderinga av kva bedrifter som skal få garantilån, og på kva lånevilkår.
Det er ikkje noko vilkår at lån berre kan ytast til kundar som allereie har lån i banken.
For at lånet skal vere omfatta av garantien må lånet ikkje:
Dersom bedrifta er etablert 1. januar 2019 eller seinare og lønnskostnader skal brukast som grunnlag, skal lånet ikkje utgjere meir enn forventa lønnskostnader for dei to første driftsåra.
I særlege tilfelle, og basert på eit likviditetsbudsjett, kan lånet vere større ennn begrensninga til lønnskostnader eller omsetning i 2019, dersom det er nødvendig for å dekke likviditetsbehovet dei neste 18 månadene.
Lånebeløpet skal gå til dekning av driftsutgifter, investeringar og betjening av eksisterande gjeld. Lånet kan ikkje brukast til ekstraordinære avdrag på eksisterande gjeld. Ordninga skal ikkje brukast til refinansiering.
Låna skal ha same vilkår som eit tilsvarande lån til ein tilsvarande låntakar ville hatt i ein normal marknadssituasjon.
Nedbetalingstida er maksimalt tre år og inntil 12 månader med avdragsfritak. Bankane kan ikkje fastsetje høgare rente på desse låna enn renta ville ha vore under ordinære omstende.
Årsrekneskapen for 2019 vil vere vesentleg i vurderinga av om selskapet er kvalifisert til kriselånet. Dersom rekneskapen ikkje er ferdigrevidert, er det ønskjeleg å få rekneskapen for 2019 som grunnlag. Eit alternativ kan likevel vere årsrekneskapen for 2018 dersom 2019 ikkje ligg føre.
Likviditetsplan/-budsjett som viser bedrifta sitt behov for likviditetstilførsel komande periode. Her er krava ikkje store, men ei enkel oversikt må lagast. Bedrifter utan rekneskapsførar kan kontakte banken direkte for å få enkle modellar.
I lånesøknaden må det kome fram kva som er årsaka til likiditetsbehovet. Slike årsaker kan vere redusert omsetning, manglande innbetalingar frå kundar eller andre forhold.
Søknaden skal også spesifisere kva tiltak bedrifta har gjort og skal iverksette for å kome seg gjennom krisa. Eksempel på tiltak kan vere permitteringar, redusert husleige, utsett betalingsfrist på meirverdiavgift, arbeidsgivaravgift mv.
Bedrifta må signere på at både lov og forskrift til lov om statlig garantiordning for lån til små og mellomstore bedrifter blir overhaldne i heile lånets løpetid. Det same gjeld lovnaden om at det ikkje vil bli søkt om tilsvarande lån i andre finansinstitusjonar.
Det blir føresett at selskap som mottek denne type lån unngår å utdele utbytte frå selskapet utover det som er nødvendig for å halde verksemdene i drift. Det blir forventa moderasjon i lønn og bonusar.
Uavhengig av dette er det grunn til å minne om at aksjelova uansett stiller krav til selskapet si vurdering om kor mykje som er forsvarleg å utdele som utbytte. Les meir om dette i denne artikkelen.
Klikk her for utskriftsvennleg versjon