Kjelde: Regnskap Norge
Fristen for å gjennomføre årleg justering av mva på kapitalvarer er 10. februar. Justering vert gjort på mva-melding for 6. termin.
Dersom det har vore bruksendringar av kapitalvarene skal ein gjennomføre justering av frådraget. Dersom endringar i bruken er mindre enn 10% for den enkelte kapitalvara skal ein ikkje justere.
Les meir om dokumentasjonskrava her.
Ved sal eller annan omdisponering er det samla justering som er aktuelt. Det skal i slike tilfeller gjennomførast i den terminen overdraginga skjer.
Når kapitalvarer vert overdregne ved til dømes sal, fisjon eller fusjon, utløyser dette samla justering av frådragsført meirverdiavgift. Dette er fastslått i justeringsreglane for mva.
Med kapitalvare vert det meint:
Justeringsplikta kan overførast til mottakar av kapitalvara etter nærare bestemde vilkår.
For å overføre justeringsplikta må den som overdreg kapitalvara og mottakar inngå ein avtale. Denne må innehalde detaljert informasjon om kapitalvara og kva frådrag som er gjorde.
Mva- føreskrifta kapittel 9 inneheld ingen uttalt frist for når ein slik avtale må vere inngått. Høyesterett har no slått fast at fristen for å inngå justeringsavtale samsvarar med fristen for å levere mva- melding for den mva-terminen overdraging av kapitalvara skjer. Ein må såleis vere påpasseleg slik justeringsavtale vert inngått i samband med overdraging av kapitalvara.
Les heile saka her.
Klikk her for utskriftsvennleg versjonHar du spørsmål eller treng bistand? Ta kontakt, så hjelper vi gjerne.