Rentetillegget for personlege skattytarar (skattemeldinga for 2021)
Dette vil variere etter kva dato du får skatteoppgjeret:

Til gode, utlegg juni   0,38 %
Restskatt, utlegg forfall 20. august   0,44 %
Restskatt, utlegg forfall 1. september   0,46 %
Restskatt, utlegg forfall 1. oktober   0,49 %
Restskatt, utlegg forfall 7. november   0,53 %

Eksempel: Får du ein restskatt på kr 20.000 i oktober, må du betale 20.000 x 0,49 % = kr 98 i rentetillegg.

Lønner det seg å betale inn restskatten innan 31. mai?
Rentetillegget på restskatt utgjer små beløp, men normalt lønner det seg. Dersom du betaler ei lågare lånerente i banken (eller har lågare innskotsrente) enn det tabellen under viser, så lønner det seg å betale inn tilleggsforskot på skatten innan 31. mai.

Effektiv rente, justert for skatt:
Restskatt, utlegg juni, forfall 20. august   2,6 %
Restskatt, utlegg forfall 1. september   2,3 %
Restskatt, utlegg forfall 1. oktober   1,9 %
Restskatt, utlegg forfall 7. november   1,5 %

Betaler du som lønnstakar inn restskatten 31. mai og normalt skal betale skatten 20. august, så har du i denne perioden hatt 2,6 % avkasting på innbetalinga di.

For dei fleste næringsdrivande er den effektive rentesatsen 1,9 %

Rentegodtgjersle på til gode skatt blir berekna frå 15. mars i år med 0,39 %, noko som i hovudregelen ikkje gjer det lønsamt å betale inn meir enn restskatten innan 31. mai.

Rentetillegget for aksjeselskap mv
Normalt lønner det seg ikkje å betale restskatten for aksjeselskap før ein får kravet til hausten.

For aksjeselskap blir rentetillegg ved restskatt 0,39 prosent per år, rekna frå 15. mars fram til forfall for restskatt 1. termin (november same år).

Ved til gode skatt, er rentegodtgjersla 0,39 prosent per år, rekna frå 15. mars fram til skatteoppgjeret blir sendt selskapet.

Eksempel, rentetillegg restskatt:
kr 100.000 i restskatt
Rentetillegg: 100.000 x 0,39 % x 7,5/12 = kr 244.

Den effektive renta på restskatt eller til gode skatt for aksjeselskap er 0,5 prosent (0,39 + skattefordel 22 %).

Dersom selskapet har pengar på konto og innskotsrenta er lågare enn 0,5 prosent, så vil det lønne seg å betale restskatten. Elles lønner det seg å vente til forfall i november.

Kjelde: Skatteetaten

Klikk her for utskriftsvennleg versjon