Kjelde: Regnskap Norge

Frå 1. januar 2021 blei arbeidsgivar pliktig til å opplyse i a-meldinga kva pensjonsinnretning dei har avtale med. I løpet av året vil pensjonsbransjen få tilgang til data som er rapportert av arbeidsgivar i a-melding.

Dersom ein ikkje rapporterer korrekt i a-melding vil dette no få direkte betydning for den enkelte sin pensjon. Feilrapportering eller manglande opplysningar kan bety at pensjonen blir berekna på feil grunnlag, at pensjonen til den tilsette blir feil og at faktura til arbeidsgivar ikkje blir korrekt.

Regnskap Norge har i samarbeid med Skatteetaten laga ei informasjonsside til deg som arbeidsgivar om kva rapporteringsplikta betyr og råd i tilknyting til denne.

Arbeidsgivar si innrapportering av pensjon.

Klikk her for utskriftsvennleg versjon