Eigen pensjonskonto vart innført frå 1. januar 2021 for alle i privat sektor med innskotspensjon. Målet er betre oversikt og lågare administrasjonskostnader. Dette vil sørge for at pensjonen kan vekse meir.

Reglane om eigen pensjonskonto går ut på at arbeidstakar skal få samle pensjonsoppteninga frå tidlegare arbeidsforhold (pensjonskapitalbevis) saman med pensjonskapital ein tener opp i noverande arbeidsforhold. Pensjonskontoen følgjer arbeidstakaren gjennom ulike arbeidsforhold og skal gi betre oversikt over pensjonssparinga.

Få meir ut av sparinga ved å velje indeksfond

I dagens OTP-ordning er det arbeidsgivar som betaler kostnaden med forvaltninga av sparinga til pensjon. Normalt sett er det eit avgrensa antal fond arbeidstakaren kan spare i.

Dersom arbeidstakaren ønskjer å spare i andre fond enn det arbeidsgivar tilbyr, så er dette fullt mogleg. Då vel arbeidstakaren ordninga «eigen pensjonskonto fleksibel» eller tilsvarande.

Deretter kan arbeidstakaren sjølv velje korleis ein vil plassere sparinga si. Dersom arbeidstakaren vel eit fond med lågare gebyr enn det arbeidsgivar har valt, så vil denne gevinsten bli lagt til pensjonskontoen til den tilsette. Og tilsvarande motsett viss arbeidstakaren vel eit dyrare fond.

Som Dagens Næringsliv har peikt på i ein serie artiklar i november/desember 2020, så er det sjeldan at aktivt forvalta fond forsvarer meirkostnaden desse fonda har. Oppfordringa er derfor at ein heller vel eit indeksfond med låge gebyr.

Du kan sjølv finne ut kva type fond du sparer i ved å logge deg inn på norskpensjon.no.

Ulike val

Arbeidstakar vil i løpet av februar 2021 få informasjon om kva pensjonskapitalbevis ein har og som vil bli overført til eigen pensjonskonto, samt kva pensjonsleverandørar som forvaltar desse.

Ein kan sjølv velje korleis ein ønskjer å forvalte pensjonskapitalen:

  • Samle og forvalte pensjonen i noverande arbeidsgivar si pensjonsordning (skjer automatisk om ein ikkje vel å reservere seg)
  • Forvalte den hos ein sjølvvalt pensjonsleverandør
  • Ikkje samle tidlegare pensjonskapitalbevis, men behalde dei der dei er forvalta i dag

For å reservere seg mot tvangsflytting, framskunde flytting og nærare informasjon om eigen pensjonskonto/pensjonsoversikt kan ein logge på Norsk pensjon

Moglegheit for å reservere seg

Når ein har motteke informasjon om pensjonskapitalbevis, har arbeidstakar tre månader på å bestemme om ein ønskjer å reservere seg. Fristen er 1. mai 2021.

Dersom ein ikkje har reservert seg eller aktivt framskunda overføring til eigen pensjonskonto innan fristen på tre månader, vert pensjonskapitalbevisa overført til eigen pensjonskonto i noverande arbeidsgivar si pensjonsordning.

Avvikling av arbeidsforhold

Frå 1. januar 2021 skal arbeidstakar som sluttar i bedrifter som har innskotspensjonsordning, ha rett til å få med seg den opptente pensjonskapitalen uavhengig av lengde på arbeidsforholdet.

Klikk her for utskriftsvennleg versjon