Korleis er reglane for arbeid og fri i påska?

Arbeidstid onsdag før skjærtorsdag

Hovudregelen etter arbeidsmiljøloven er at tilsette skal ha arbeidsfri frå klokka 18 onsdag før skjærtorsdag. For arbeid etter klokka 18 må vilkåra for søndagsarbeid vere oppfylt ifølgje arbeidsmiljøloven § 10-10 Søndagsarbeid.

Skjærtorsdag, langfredag, første og andre påskedag

Dette er heilagdagar. Berre arbeid som oppfyller krava til søndagsarbeid er tillatt.

Påskeaftan

Er ikkje ein heilagdag, men i følgje arbeidsmiljølova har dei tilsette rett til fri frå klokka 15. For arbeid etter klokka 15 må vilkåra for søndagsarbeid vere oppfylt.

Lønn i samband med påske

Arbeidstakarar med fastlønn skal ikkje trekkast for bevegelege heilagdagar.

Arbeidstakarar med timelønn vil i utgangspunktet få lønn for dei timane ein faktisk er på arbeid. Det vil vere tariffavtalen som regulerer arbeidstakaren sin rett til lønn desse dagane, alternativt interne avtalar/personalhandbok.

Les meir om arbeidstid og lønn i påska her.

Klikk her for utskriftsvennleg versjon