Fagstoff lønn – trim og helse
Følgjande velferdstiltak knytta til trening er skattefrie:
- Når arbeidsgivar sjølv innreier/leiger eige trimrom.
- Når arbeidsgivar dekkjer bedriftsmedlemskap der det blir arrangert eit felles opplegg for dei tilsette. Føresetnaden må vere at alle eller ei betydeleg gruppe tilsette har ei reell mulegheit til å benytte seg av tilbodet, og at det er organisert fellestreningar. Inneber bruken at dei tilsette blir stilt i same situasjon som om dei har eit personleg medlemskap, vil dette føre til skatteplikt.
- Når arbeidsgivar leiger helsestudioet for bestemte tidsrom i veka, og dette har preg av fellesarrangement.
- Når arbeidsgivar leiger inn ein fysioterapeut eller ein aerobicinstruktør som skal trene dei tilsette i bedrifta sine lokale.