Reiserekning krav

Fagstoff  –  Reiserekning, formelle krav

Søkeord: frokost, frukost, lunsj, middag, måltidsfrådrag, tenestereiser, diett, overnatting, nattillegg

Reiserekninga må minst innehalde:

  • arbeidstakar sitt namn og adresse
  • dato og klokkeslett for avreise og heimkomst for kvar yrkes/tenestereise (ikkje krav om klokkeslett dersom det berre blir utbetalt bilgodtgjersle)
  • formålet med reisa
  • framstilling av reiseruta med spesifisert lokal køyring på oppdragsstaden og årsaka til eventuelle omkøyringar og
  • total distanse for kvar yrkes/tenestereise.

Diettgodtgjersle
Korleis ein har innretta seg ved overnatting (type losji) er avgjerande for kor mykje som kan utbetalast utan skattetrekk og arbeidsgivaravgift. Inndelinga er:

  • Hotell
  • Pensjonat eller anna utan kokemulegheit
  • Privat samt anna med kokemulegheit

Satsane, samt måltidsfrådraga, finn du her.

Utrekning av antal døgn
For reiser som varer meir enn eitt døgn, vil overskytande del av eit døgn på meir enn 6 timar eller meir rekna for eit heilt døgn.

Eksempel:

  • Reisa varer 2 døgn + 8 timar = 3 døgn med diett
  • Reisa varer 2 døgn + 5 timar = 2 døgn med diett