Verksemder utan kontantomsetjing – fast kasse eller flytande kasse?

Sjølv om verksemda ikkje har kontantomsetjing skal kontanttransaksjonar registrerast dagleg, med mindre det blir brukt «fast kasse».

«Flytande kasse»

Ved flytande kasse varierer kontantbeholdninga med inn- og utbetalingar frå kassa. Det er eit krav at alle innbetalingar og utbetalingar blir registrert dagleg i kassabok eller annan kassaspesifikasjon.

«Fast kasse»

Dersom ein nyttar fast kasse kan ein unnlate å registrere kontanttransaksjonane dagleg.

Fast kasse opprettast ved å overføre feks kr 4.000 til kassa.For utlegg blir pengar frå denne kassa brukt. Bilag for tilsvarande uttak blir lagt i kassa slik at bilag pluss kontantar til ei kvar tid er konstant (her kr 4.000).

Når kontantbeløpet er oppbrukt, blir eit beløp tilsvarande det som det ligg bilag for i kassa, tatt ut av banken. Uttaksbilag frå bank og bilag frå fastkassa blir lagt saman til bokføring.

Til ei kvar tid kan ein avstemme om kontantar pluss kvitteringar tilsvarer beløpet som er sett som fastkasse.

Når ein bruker fastkasse er det ikkje behov for dagleg kassabok eller kassaspesifikasjon.

Dersom det ikkje eksisterer ei kasse, men at enkeltkostnadene blir dekt av kontante private pengar, kan ein også bruke reglane tilsvarande. I desse tilfella samlar ein alle utlegg som er dekka av private kontantar i feks løpet av ei veke eller ein månad. Ein slår desse kostnadene saman og tek ut eller overfører til privat bankkonto eksakt tilsvarande beløp. I rekneskapen blir desse bilaga lagt saman med bilag frå bank. Det er heller ikkje i dette tilfellet nødvendig med dagleg registrering i kassabok.