Ordninga gjeld betalingsutsette skattar og avgifter som følge av koronasituasjonen. Retten til å betale i avdrag fell vekk, om ein enkelt betalingsfrist ikkje blir overhalden.
Det er tre ulike støtteordningar, ei tilskotsordning for frivillige lag og organisasjonar, ei tilskotsordning for idrettsarrangement av nasjonal verdi og ei kompensasjonsordning for kultursektoren.
Føretak i økonomiske vanskar må i utgangspunktet nytte høg sats, men kan likevel nytte redusert sats inntil kr 500.000 årleg. For selskap som inngår i konsern skal heile konsernet reknast som ei eining.
I kompensasjonsordning 4 kan føretak som var pålagde full skjenkestopp eller å halde stengt som følgje av koronapandemien, få kompensert tapt varelager i desember 2021 og januar 2022.
Arbeidsgivar kan krevje refusjon av sjukepengar frå dag seks. Dette gjeld for koronarelatert sjukefråvær frå og med 1. desember 2021 og ut januar 2022. Søknadsskjema er no tilgjengeleg hos NAV.