Idrett og meirverdiavgift har eit samansett og komplekst regelverk. Nokre inngangsbillettar er avgiftspliktige medan andre er unntatt. I tillegg er det ein rekke andre spesialreglar.
Finansdepartementet har laga ei oversikt på nokre av dei viktigaste endringane i regelverket frå 1. januar 2022 innan skatt, avgift, toll, skatteforvaltning og finans.
Frådragsretten for inngåande mva ved kjøp av varer frå utlandet må vurderast på same måte som for kjøp i Noreg. At vara er anskaffa til bruk i den avgiftspliktige verksemda er eit sentralt vilkår for frådragsretten.
Den nye MVA-meldinga trer i kraft frå 01.01.2022 og er ikkje skjemabasert med faste postar som i dag. Føremålet med den nye meldinga er at det skal bli enklare og meir effektivt å levere korrekte opplysningar.
Frå 1. januar 2021 vart det innført mva på kosmetisk behandling og kirurgi som ikkje er medisinsk grunngjeve og heilt eller delvis finansiert av det offentlege. Ein må berekne MVA ved bruk av gåvekort som er selt før lovendringa.
Ordninga med reduksjon i låg mva-sats frå 12 prosent til 6 prosent blir forlenga til og med 30. september 2021. Dette gjeld mellom anna omsetning av tenester innan persontransport, ferje og overnattingstenester.
Frå 10. juni melder ein inn nyregistrering samt endring og sletting i meirverdiavgiftsregisteret i den nye digitale løysinga. Alle verksemder må ha ein elektronisk brukar som har tilgang til Altinn.
Søknadsfristen er 1. september 2021 med utbetaling i midten av desember. Ordninga gjeld for aktive og frivillige organisasjonar som er registrert i Frivillighetsregisteret.
Reknehuset AS bruker cookies for å analysere bruk og for å betre brukaropplevinga di. Om du held fram, aksepterer du dette.OkLes meir i personvernerklæringa vår